by Andreas

Tuetur

April 26, 2013 in Turar by Andreas

Vardevakt

 

Enkelte dagar er det nok med korte, lette turar. I dag var ein slik dag.

Tua, Tuva eller Lidatua er ikkje verken det høgaste eller mest spektakulere fjellet ein kan ta turen til, men etter ein lang dag på jobb kan det vere godt å ta ein kortare tur i frisk luft. Det er ikkje mange høgdemeterane ein legg bak seg, men ein får flott utsyn over Berkneshalvøya, mot Voldsfjorden og Ørstafjell. Såleis kan ein gå og drøyme om nye turar, leite etter motiv med kameraet eller berre nyte den friske vårlufta.

 

 

by Andreas

Ein smakebit

April 25, 2013 in Nyhende by Andreas

 

Ein liten smakebit frå tidlegare turar.

by Andreas

Mitt Friluftsliv

April 24, 2013 in Nyhende by Andreas

 

Kårdalstindane

Kårdalstindane

Ideen har surra rundt i hovudet mitt over lengre tid. Å ha ein stad der eg kan skrive om friluftsliv. Mitt friluftsliv.

Meininga med denne sida vil vere å inspirere meg sjølv til å verte endå flinkare til å utnytte naturen, kome meg ut i friluft og nyte friluftsliv på fleire måtar. Det er også eit mål at eg skal kunne dokumentere aktivitetane mine på ein betre måte.