Tuetur

April 26, 2013 in Turar by Andreas

Vardevakt

 

Enkelte dagar er det nok med korte, lette turar. I dag var ein slik dag.

Tua, Tuva eller Lidatua er ikkje verken det høgaste eller mest spektakulere fjellet ein kan ta turen til, men etter ein lang dag på jobb kan det vere godt å ta ein kortare tur i frisk luft. Det er ikkje mange høgdemeterane ein legg bak seg, men ein får flott utsyn over Berkneshalvøya, mot Voldsfjorden og Ørstafjell. Såleis kan ein gå og drøyme om nye turar, leite etter motiv med kameraet eller berre nyte den friske vårlufta.