Saudehornet

July 16, 2013 in Turar by Andreas

Kristina på veg over elva under turen opp mot Saudehornet.

Kristina på veg over elva under turen opp mot Saudehornet.

Torsdag var det klart for tur til Saudehornet i Ørsta saman med familie frå austlandet. Det var dessverre temmeleg grått vêr, men fin temperatur for vandring i fjellet.

Vi tok det nokonlunde roleg oppover fjellsida, for å freiste å få med alle så langt som mogeleg. Skodda hadde lagt seg som ein hatt over toppen, og sjølv om det såg ut til at det kunne kome til å lette innimellom, så vart ho liggande. Nokre snudde eit stykke opp i skoddehavet, medan eg og Per forserte dei siste om lag 200 høgdemetra på eiga hand.

Utsikta frå toppen av Saudehornet.

Utsikta frå toppen av Saudehornet.