Over og rundt – Godøya

September 14, 2013 in Skråblikk, Turar by Andreas

“Anj e le”. Med andre ord er det om lag 13 grader i lufta i det eg snører på meg fjellskoa utanfor døra i Valkvæ. Regnet har tatt ei lita pause, men ein har ingen garantiar for at det ikkje vil kome att og vestavinden gjer sitt for å halde folk innandørs. Det er sommar. På Sunnmøre.

Planen for dagen er å ta turen frå Valkvæ, oppover eggen til Sløktinden og sjå an føre og form for vegen vidare. Eg har berre så vidt starta på vegen oppover. Skogen er tettare enn eg hugsar den og stien ligg nok ein annan stad enn eg trudde då eg sette i gong. Eit titals meter framom meg knasar det i kvist og greiner. Han som står der framme har ikkje så lyst å treffe meg, så eg rekk ikkje telje taggane i geviret før hjorten har byksa oppover sida og ut av syne.

Turen har ikkje vart i fem minutt før det byrjar å drype att. Gore-tex’en i jakka gjer jobben sin, men det er verre med buksa. Halvvegs opp mot Sløk er den ikkje lenger vassavvisande, men inviterer vatnet inn, som om det var ein gamal ven. Det er sommar. På Sunnmøre.

Til mi store overrasking er det også andre ute på tur i ruskevêret over Godøya. Vinden ruskar i håret, men ein får notert namnetrekket sitt i boka og sikrar godt samvit i dag og.

Opp mot Sløktinden kjem skodda sigande. Ho tjuknar til rundt meg og det eg hadde av utsikt mot Giske, Vigra og Valderøya forsvinn som om den aldri var der. Eg ser ikkje stort lenger enn til nasetippen, men klarar likevel å halde meg på stien heilt opp til toppen.

Frå Sløk går turen vidare mot Storhornet. Strengt tatt så er det vel ikkje så stort, men med sine 497 meter over havet så er det likevel det høgaste punktet ein kjem seg opp på ute på øya. Eg skimtar havet der nede, men det forsvinn att. Regnet og skodda gjer sitt beste for å halde sikta på eit absolutt minimum. Etter kvart veit eg ikkje kva som er verst, regnet som silar nedover andletet eller skodda som legg seg i tjukke lag på brilleglasa. Det er sommar. På Sunnmøre.

Turen ned mot Alnesvatnet går i roleg tempo. Det er mange glatte steinar, mykje gjørme og framleis dårleg sikt. Eg veit at vatnet ligg framom meg ein stad, men eg ser det ikkje. Tidlegare hadde eg tenkt at eit besøk til Johan Skytt kunne vere aktuelt, men vêret gjer sitt til at han får stå i fred. Vi får ta det att ein annan gong.

Nedover mot Alnes lettar det rundt meg. Skodda likar seg best i høgda og vinden ruskar godt i både meg og omgjevnadane. Eg trur faktisk eg ser sola eit lite sekund, men det er liten sjanse for å verte bortskjemd, det passar ho godt på. Det er sommar. På Sunnmøre.

Skrive i juli 2013.