Fototur til Molladalen

September 14, 2013 in Turar by Andreas

Molladalstindar

Torsdag, førhelgsfri og passeleg turvêr blei til fototur til ein av mine favorittplassar.

Turen startar med bil til Barstadvika, der ein tek av ved skilt mot Erdalen. Deretter er det berre å fylgje vegen så langt han går, inkludert eit stykke på ein rimeleg bomveg. Så snart bilen er parkert er det skilta både mot Molladalen, mot Klovtindane og Middagshornet.

Starten opp mot Molladalen går gjennom skogen i lett terreng. Det første stykket er egentleg litt kjedelig, og ein ser ikkje noko til tinderekka som er målet. Skilnaden blir difor stor når det først startar å stige og ein kjem raskt oppover i høgdemeter oppover mot Molladalsporten. Plutseleg skimtar ein også premien mellom nokre bjørketre; dei første tindane.

Tindar i sikte

 

Etterkvart kjem ein opp til eit parti der det er lagt ut kjetting og nokre synest at dette partiet kan vere litt skummelt. Det bør likevel gå heilt greit om ein tek seg litt tid og ser kvar ein set føtene. Det er også alternative ruter forbi staden.

Frå bilen og opp til Storevatnet, som var mitt mål for dagen, tok det om lag to timar. Gangtida var ikkje meir enn rundt ein time og tjue minutt, men er ein på fototur, så tek alt litt lenger tid. Vel oppe vart det tid til ein liten matbit og nokre koppar kaffi, før fotoapparatet igjen fekk hovudrolla.

Matpause

Litt fleire bilete frå turen kan du sjå her