Om Mitt Friluftsliv

Mitt Friluftsliv er ein blogg om mitt friluftsliv.

Håpet er at denne sida skal kunne hjelpe meg til å verte endå flinkare til å leite fram turskoa, pakke ryggsekken og legge ut på tur. Eg elskar å vere ute i naturen, på telttur, skitur, padletur eller berre på vandring, men eg er ikkje alltid like flink til å kome i gang. Innhaldet på denne bloggen vil truleg variere mellom tur”reportasjer”, turbeskrivelsar, bileteseriar og ein og annan video, samt at det kan kome nokre brukarerfaringar av utstyr eg nyttar.

For tida bur eg på søre Sunnmøre, midt i eit av dei flottaste områda i Noreg og det kjem nok denne bloggen til å bere preg av.

Etter ein del år som student i Bergen, arbeider eg no som journalist i Ulsteinvik. Eg har tidlegare gått eit fantastisk år på Øytun Folkehøgskule i Alta, der eg gjekk på Jakt og Fiske-linja.

Friluftsliv og foto går hand i hand og det er mogeleg å sjå mange av bileta mine på Andreasbjerknes.com eller følgje meg på Flickr.

Spørsmål og kommentarar set eg stor pris på og eg vil freiste å svare så godt som råd.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>